DLV230 Tekst, historie og samfunn

Time and place

:

University of Stavanger, Ullandhaug 14.06.2011 to 16.06.2011


Contact person

:

+4751833564

Introduksjon

Studentane vil bli ført inn i to større historiske forskingsarbeid frå norsk historie: Høgsteretts historie 1814-1965 i to bind og Norsk presses historie. Ei rekkje ulike realhistoriske døme frå vide felt som dekkjer store flater av kultur- og samfunnshistorie over eit langt tidsspenn vil bli brukt til å illustrere eit stort spenn av metodiske, teoretiske og kjeldetekniske utfordringar som den aktive forskaren vil støyte på i løysinga av eit omfattande forskingsoppdrag.

Arbeidsformer

Seminar og førelesing, diskusjonar, presentasjon av problemstilling munnleg under kurset og skriving av paper i etterkant av kurset.
Stipendiatane som deltek, skal leggje fram kapittel/delar av eigen avhandling. Dei skal presentere korleis teksten er utforma og forklare kvifor. Presentasjonen vert kommentert av andre deltakarar på kurset, samt kursleiinga. Kurset vil starte med tre førelesingar som tematiserer retoriske utfordringar for vitskaplege tekstar, både kunnskapsteoretisk og praktisk.

Innhald

Det retoriske arbeidet med ein vitskapleg avhandling er temaet i kurset ”Tekst, historie og samfunn”. I kurset vert det lagt vekt på å diskutere korleis den vitskaplege teksten blir til, og korleis den formast.

Ulike måtar å historisere spesialiserte tekstar på vil gå som ein raud tråd gjennom heile kurset. Korleis er det til dømes råd for forskaren å identifisere dei ikkje-intenderte endringar som gjer teksten til ei historisk kjelde? Korleis avgrense konteksten? Korleis rekonstruere nye kon-tekstar?

Læringsutbyte

Kursdeltakarane skal etter godkjend kurs kunne:

  1. Bruke spesialiserte sjangertekstar knytt til profesjonar som juss og media som historiske kjelder
  2. Fortelje om ulike vitskapelege lesestrategiar. Korleis identifisere ikkje-intenderte endringar mellom same type kjeldetekstar?
  3. Dekonstruere og re-konstruere konteksten rundt kjeldene.
  4. Vise at dei kjenner ulike vitskapsretoriske framstillingsstrategiar. Korleis etablere eit samanhangande tekstleg nivå over og mellom kjeldene og handtere eit svært stort og komplisert kjeldemateriale?
  5. Redegjere for ulike historiske sjangrar innan norsk sakprosa i tillegg til realhistorie
  6. Referere til praktiske forskarerfaringar, bruke teori og referansar.

Deadline for applications

May 16th 2011

Credits

5

More information about this event…